Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

«Øydeleggande pengesløseri» Om elsertifikat-markedet  (Lest 196 ganger) Skriv ut

1 B


Trude  Tirsdag 2. Juli 2019, kl. 12:43

Tilskunda av fornybardirektivet frå EU, gikk Norge frå 1. januar 2012 inn i den svenske elsertifikatmarknaden. Fram til 2020 skulle Sverige og Norge tilsaman auke produksjonen av fornybar energi med 28,4 TWh. Dette felles målet vart nådd 24. mai i år. Det er bygd ut 20 TWh i Sverige og 8,4 i Norge.

Det vart ferda ut eitt elsertifikat for kvar kilowatt-time, som forbrukarane er pliktige til å betale i 15 år, utan å eige nokon kraft. Elsertifikatprisen, som er rein subsidiering til småkraft- og vindkraft-utbyggarane,  vart 14,5 øre  i gjennomsnitt.
Halvparten av elsertifikata blir betalt av norske forbrukarar (alle abonnentane) og halvparten av svenske forbrukarar (alle abonnentane) – uavhengig av om produksjonen skjer i Norge eller Sverige.

Dette betyr at abonnentane i Norge vil i 15 år få ein utgiftspost på kraftrekningane sine til dette elsertopplegget med Sverige. Det same for abonnentane i Sverige.

Sverige greidde å bygge meir enn sin halvdel på 14,2 TWh, Norge greidde berre 8,4 TWh.  Norge kan få godkjent elsertifikat fram til 2020. Legg ein til gjennomsnittet av årsproduksjonen hittil, til Norges del fram til 2020, blir produksjonen ved slutten av avtalen 10 TWh for Norge. Eit lite håp ligg likevel i at Norge greier å bygge meir siste avtaleåret.

Heilt spesifikt, ser resultatet då slik ut:
-   Forbrukarane (abonnentane)  i Norge finansierer gratis 4,2 TWh svensk kraftproduksjon ved ei subsidiering på 9 milliardar kroner. Dét er alle forbrukarane i  Norge forplikta til å betale fram til 2035.
-   Norge sit igjen med 10 TWh, som alle forbrukarane i Norge må betale 31 milliardar kroner for fram til 2035 - det blir ei subsidiering på  3,0 kroner kilowattimen. 
-   Sverige sit igjen med 18,4 TWh, som alle forbrukarane i Sverige må betale 31 milliardar kroner for fram til 2035 - det blir ei subsidiering på 1,68 kroner  kilowattimen.
-   Å redusere klimagassutslepp til eit minimum er ei langsiktig oppgåve. Elsertopplegget med Sverige er eit døme på det. Her har ein å gjere med store dimensjonar. Etter avtalen vart det bygd 28,4 TWh energi. Det utgjer 0,15 prosent av energiforbruket i EU, og 1,1 prosent av fornybar energien i EU.
-   Økonomisk vart elsertavtalen ein vanlagnad vi ikkje har sett maken til.
 

Avtalen med Sverige var ei storslått utbygging av vindkraft og småkraft. Småkrafta er ei blanding av nokre middels store og mange små, og ingen av desse har noko nemnande reguleringsmagasin. Vindkraft går som kjent berre når det bles, og vindkraft blir rekna som uregulert kraft. Tradisjonelt er slik kraft kalla tilfeldig kraft. Kraft produsert i småkraft og vindmøller er mindre verd enn vår vasskraft med reguleringsmagasin. Også forbrukarane av slik kraft må betale 2/3 av kraftledningane – som betyr store, hittil ukjende utgifter for elsertifikatproduksjonen.

Den kraft som blir bygd ut etter elsertopplegget, har vi ikkje bruk for. Produksjonen av norsk vasskraft er større enn forbruket. Resultatet er då at den fornybare elsertproduserte krafta blir sendt til utlandet på alle tiders billegsal.

Om ein tar i bruk alle hittil kjende og gode tiltak for eit betre klima, kjem ein ikkje utanom eleffektivisering. Kva kunne ikkje ENOVA ha gjort hadde dei hatt 62 milliardar kroner til rådvelde! Den beste kraftutbygging er kraftsparing. Ein spart kWh er mykje meir verd enn ein ny kWh frå uregulert produksjon. Ein treng ingen nye kraftliner, og sparer kraft når det er kaldast og trengst mest. Og ein treng ikkje øydelegge og skjemme ut vår verdifulle natur.

Når folk set seg inn i denne avtalen med Sverige, spør dei gjerne: Koss i all verden kunne slikt skje? Dèt er det vanskeleg å svare på. Men vi veit kven som fekk denne avtalen i stand. Odd Roger Enoksen frå Sp var olje- og energiminister i åra 2005-07. Han tok ein tur til Sverige for å drøfte eit eventuelt samarbeid om elsertifikater. Han kom tilbake og sa nei. Dette blir for dyrt, meinte den gode minister Enoksen. Eit par år seinare reiste hans partikollega, olje- og energiminister Terje Riis-Johansen, til Sverige i same ærend som Enoksen. Han skreiv under ei avtale om elsertifikatsamarbeid med Sverige. I regjeringa var det stor usemje om avtalen, som vart pressa fram av Sp og Sv. Miljøorganisasjonen Zero skal visst ha æra av at avtalen med Sverige kom i stand. Statsminister Stoltenberg hadde ikkje i sin villaste fantasi kunna trudd at nokon av hans regjeringsparti gikk inn for ei slik avtale. I Sv var det svært delte syn. Statssekretær i miljøverndepartementet og tidlegare leiar i Naturvernforeninga, Heidi Sørensen, sa takk for seg i protest mot avtalen. Miljøvernminister Bård Vegard Solhjell frå SV heldt beinhardt på avtalen. Elsertifikatavtalen vil likevel for alltid vere knytt til Terje Riis-Johansen frå Sp.

For å karakterisere denne avtalen får det greie seg å referere til professor i klimaøkonomi, Torstein Bye, som kalla avtalen «Miljøødeleggende pengesløseri.» -Vår største og viktigaste oppgåve i dag er å få redusert klimagassutsleppet. Men skal vi greie det, må vi nok vere meir realistiske. Elsertifikatopplegget viser det.

Osvald Medhus





Loggført