Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

Ikkje krav til kompetanse for arbeid med drikkevatn  (Lest 2766 ganger) Skriv ut

1 B


mads.loekeland@gmail.com  Mandag 9. Desember 2013, kl. 11:24

Anlegg som sikrar god tilgang på godt drikkevatn og miljømessig god handsaming av avløpsvann er ein av nasjonens mest kritiske infrastrukturer.  Uhell og feil ved slike anlegg kan få store helsemessige, miljømessige og økonomiske følgjer.
Kort sagt er vatn det viktigaste næringsmiddelet vårt.

Det er difor underleg at det ikkje finst formelle kompetansekrav for dei som arbeider i vassanlegg.

Fleire andre land har formelle kompetansekrav, med ulike utdanningskrav avhengig av kor store og kompliserte anlegga er.

Sikker vannforsyning er eit sentralt diskusjonstema internasjonalt , og spørsmålet om korleis ein skal sikra tilstrekkeleg kompetanse er høgt på dagsorden.  Fleire nasjonale og internasjonale utgreiingar peiker på spørsmålet om behov for formelle kompetansekrav til tilsette i VA-sektoren.
USA og Kanada har formelle kompetansekrav, og i Danmark er det forslag fra miljømyndigheten om å innføre kompetansekrav for driftsansvarlege.

EU diskuterer innføring av formelle kompetansekrav for ansvarlege ved små vassforsyningar.

På tide at også Noreg tek dette på alvor og innfører formelle kompetansekrav for drift av vassforsyning.

I mange andre yrke er det formelle krav til kompetanse, og når det gjeld kommunane kan ein ikkje minst trekke fram kravet til fagbrev for å arbeide som feier, og opprette eit tilsvarande opplegg med fagbrev i Vannteknikk.

Loggført