Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

Vannposten nr. 131 Globalt tenestedirektiv i valtider  (Lest 2034 ganger) Skriv ut

1 B


Trude  Fredag 14. Juni 2013, kl. 13:52

GLOBALT TENESTEDIREKTIV I VALTIDER

Av Heidi Lundeberg, leiar av Handelskampanjen

Uansett valresultat nærmar stortingsperioden og Soria Moria 2 seg slutten. Den raudgrøne regjeringa markerte seg positivt på den internasjonale solidaritetsarenaen då dei trakk tilbake krav til utviklingsland om frislepp av private aktørar innan vatn og utdanning i 2005. Det ville vere trist om dei runda av Soria Moria 2-perioden med å inngå ei ny avtale om same tema som ein starta så fint med å avslutte.

I all hemmelegheit vart WTO sine Really Good Friends of Services (20 land inkludert Noreg, EU og USA) tidleg i 2012 einige om å forhandle ei ny tenesteavtale. Forhandlingane har starta og gruppa har som mål å kome meir eller mindre i mål i løpet av 2013 og ministermøtet i WTO desember 2013.

Amerikansk lobby
Tenesteavtala i WTO, GATS 1995, opnar for framtidige forhandlingar om tenester etter 5 år.  Med Doha-runden frå 2001 vart det lova at dei skeive forholda i WTO mellom utviklingsland og industrialiserte land og mellom private og offentlege interesser skulle rettast opp. Det er no klart at det ikkje vert noko Doha avtale i WTO. Dei skeive forholda mellom fattige og rike land, mellom private og offentlege interesser vil ikkje bli retta opp. Men dei sterke lobbyorganisasjonane frå USA og EU for ytterlegare privatisering og liberalisering har ikkje gitt opp. Kan dei ikkje få multilaterale avtaler på plass gjennom WTO, så samlar dei grupper av land for å få til såkalla plurilaterale avtaler. Noreg var med på å signere ei slik avtale på offentleg innkjøp i 2011 og no er me med i forhandlingane om ytterlegare liberalisering av tenestehandelen.

GATS og EØS pluss
Er du ein av dei som har bekymra deg for at politisk handlingsrom i Noreg skulle svekkast av GATS og tenestedirektivet, så vil dei pågåande tenesteforhandlingane gjere deg stressa. Dei som lobbar for avtale snakkar om marknadstilgang ute, men lite om at globale aktørar får tilgang til offentlege tenester i Noreg, eller at handlingsrommet for regulering av miljø, klima og arbeidsmiljø svekkast.

Rammene for forhandlingane går langt lengre enn GATS. Me kan kalle det ei GATS pluss. Der det enkelte land gjennom GATS forplikta seg til liberalisering av enkelte sektorar (positiv listing) snakkar dei kjempegode tenestevenene no om liberalisering av alle sektorar der det enkelte land kan unnta eit fåtal tenestesektorar frå avtala (negativ listing). For å sei det enkelt: minst 90 prosent av alle tenester skal liberaliserast. Utanlandske aktørar skal behandlast likt med nasjonale tenestebyderar, og sjølv om situasjonen endrar seg vil det ikkje vere lov å reregulere sektorar som er liberaliserte (standstill). Lovnad til dei globale selskap er lovnad for evig.

Stikk i strid med den norske modellen
Sett frå norsk perspektiv er avtala illevarslande. Norsk arbeidarrørsle har nett gjort det klart for politikarane at slike tenesteavtaler er problematiske for norsk arbeidsliv (LO Kongressen vedtak EØS). Fleire av dei kjempegode tenestevennene (deriblant Australia) har lagt på forhandlingsbordet tenestesektorar som utgjer grunnlaget i den norske velferdsstaten. Var du med og kjempa mot postdirektiva? Vel no får du hovudbry igjen, for posttenester er eit av EU sine største interessefelt i tenesteavtala. I Noreg har vi tradisjonelt hatt ei blanding av offentlege og ideelle organisasjonar som har levert og utvikla tenester for innbyggjarane. Men i tenesteavtala er offentlege tenester berre unnatekne dersom det ikkje finst nokon private tilbydarar eller kommersielle tilbod av tenestene. Slike sektorar finst nesten ikkje i Noreg eller nokre andre plassar – vi må derfor rekne med at alle offentlege tenester kan råkast av denne avtala.

Vidare er den norske modellen tufta på forhandlingar mellom arbeidsgjevar og tilsette sine organisasjonar.  Avtalene mellom partane vert gjeldande for alle aktørar. Men om slike avtaler avgrensar eigarane sitt høve til profitt, så kan dei kjennast ugyldige. Avtaleverket for arbeidartakarrettar kan slik sett verte  råka.

Demokratiske vedtak og utvikling av betre samfunn gjennom val og forhandlingar kan òg råkast.  For nye reglar som hindrar investorane sin profitt, kan dømmast ulovlege i WTO, og vi kan få sanksjonar mot oss. Forsking viser at slike internasjonale avtalar ofte fører til angst for å lage nytt nasjonalt lovverk som kan verne om helse, miljø og sikre betre arbeidsmiljø og betre fordeling.   

Usolidarisk av Noreg
I utanrikspolitisk perspektiv inngår Noreg her i ei gruppe som fremstår som svært usolidarisk blant utviklingsland. Visst er det utviklingsland med i forhandlingane som openbart ser seg tent med ytterlegare liberalisering. Men det er ikkje tilfeldig kva land som er med, eller skal me seie kva land som ikkje ser seg tent med ytterlegare tenesteliberalisering, og dei representerer ingen andre enn seg sjølve. Blant dei asiatiske landa er det tigrane som deltek – ikkje dei landa me i utgangspunktet tenkjer på som fattige land. I Latin-Amerika er det dei høgreorienterte landa som deltek, medan sentrumsorienterte land som regulerar tenesteøkonomien, tvert imot har teke til orde for reforhandling av GATS i ljos av finanskrisa og behov for meir demokratisk kontroll med sine samfunn. Det bør også blinke raude lamper når ein kan konstatere at INGEN afrikanske land ser seg tent med ei slik avtale.

Udemokratisk
Men no vil vel ikkje ei plurilateral avtale plage utviklingsland som ikkje er med uansett? Dessverre er det ikkje så enkelt. Det var ikkje utan grunn at utviklingsland etter utviklingsland gjekk på talarstolen under ministermøtet i WTO i 2011 og åtvara mot oppblomstringa av plurilaterale avtaler. Verdas supermakter EU og USA har erklært at dei forhandlar slike avtaler med mål om at dei skal bli globale på sikt. Strategien er enkelt og greitt å forhandle fram avtaler mellom partar som er einige for deretter å (i) harmonisere eksisterande og framtidige bilaterale og regionale frihandelsavtaler  med denne avtala, og (ii) setje signering av avtala som krav til nye WTO medlem, og som krav for lån og bistandsmidlar.
Ein treng ikkje master i statsvitskap for å vurdere dette som ein svært udemokratisk måte å få i stand globale avtaler på. Eit fokus vekk frå multilaterale forhandlingar og over på plurilaterale forhandlingar som sidan er tenkt å kunne omfatte alle, er ei autoritær utvikling av det internasjonale regelverket. Sidan fleirtalet av dei rike landa er med i forhandlingane, medan fleirtalet av verdas utviklingsland ikkje deltek, så mister utviklingslanda forhandlingsmakt. Ved å forhandle avtale for avtale utan å sjå samanhengen, mister også utviklingslanda forhandlingskort i dei delane av WTO som har stått som mest sentrale for dei.

Noreg må trekkje seg frå forhandlingane
Noreg bør altså trekkje seg frå forhandlingane om ei ny tenesteavtale. Det ville vere synd om den raudgrøne regjeringa avsluttar med å inngå ei avtale som ein starta så fint med å avslutte. Det var ei modig og solidarisk regjering som trakk krav om liberalisering av offentlege tenester og tenester relatert til vatn i 2005, me vil ha ei modig og solidarisk regjering i valet i 2013.       
                                        Artikkelen var kronikk i Klassekampen 7. juni 2013

Loggført