Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

Vannposten nr. 93 URD  (Lest 1946 ganger) Skriv ut

1 B


Trude  Lørdag 16. Juli 2011, kl. 12:46


Av Egil Lejon




Det er norrøn visdom dette. Overlevert gjennom diktet Voluspá. Det mytologiske tankegodset er utførleg forklart i Gylfaginning. Det er ei soge om koss verden blei skapt, og koss verden – Moder Jord, vil gÃ¥ til grunne om Urds brønn blir uttøymt. 


Yggdrasil
Sentralt i soga står Yggdrasil – verdenstreet alt liv på jorda er avhengig av. Og diktet fortel om dei tri nornene; Urd, Verdande og Skuld som spinn livsveven, og kvar natt ausar “det kvite vatnet” frå Urdarbrunnen på Yggdrasils røter for at livskrafta skal gjenskapast.


Urd, Verdane og Skuld
Urd symboliserer fortida; det grunnleggande og opprinnelege. Verdande det som er. Og Skuld; den yngste av nornene, det som kan komma; altså framtida. Skuld må ofte korrigerast fordi ho stadig rotar til trådane i livsveven, og ho har ein tendens til å sjå i motsett lei av Urd.

Retten til vatn er eit hovudbudskap i den norrøne fortellinga. Og nornene måtte kjempa ein dagleg kamp mot slangane i brønnen Hvergjelme - med sjefsslangen Nidhogg i front. Nidhogg & co hogg og gnog på Yggdrasil sine røter for å hindra fri vassforsyning til livstreet. Såleis ville kampen mellom livs- og dødskreftene avgjera menneska og naturen sin lagnad.


Cochabamba
Bolivias tredje største by. Byen som byrja det nye tusenÃ¥ret med eit folkeopprør for retten til sitt eige vatn. Det var etterat IMF i 1998; under tilsyn av Verdensbanken, hadde godkjent eit lÃ¥n pÃ¥ 138 millionar dollar for Ã¥ bekjempa inflasjonen og styrka veksten i landet.  I samsvar med IMF sin plan for “strukturreformar”, gjekk regjeringa med pÃ¥ Ã¥ selga ut alle gjenverande, offentlege selskap, inkludert nasjonale oljeraffineri og Cochabamba sitt lokale vannverk.       

I 1999 – bak lukka dører, forhandla regjeringa i fram ein kontrakt på 2.5 milliardar dollar, som gav Aguas del Tunari – eit multinasjonalt konsortium; inkludert eit dotterselskap av Nidhogg-giganten Bechtel Corporation, retten til å ta over Cochabamba sitt kommunale vassverk og heile vassystemet byen hadde namn etter. Månaden etter – altså i oktober, blei kontrakten gjort kjend, samtidig med at parlamentet i Bolivia vedtok Lov 2029 – som åpna for kommersialisering av alle vassressursar og sanitære anlegg.

I eit land kor gjennomsnittsinntekta ligg under 60 dollar i månaden, fekk innbyggarar i byen plutseleg månadslege vassrekningar på 20 dollar. I januar 2000 starta skomakaren Oscar Olivera motstandskampen som snart spreidde seg som opprør over heile landet. Og Nidhoggane blei hivne utor landet. Denne fyrste vassrevolusjonen – starta av urbefolkinga i Cochabamba, gav gjenklang over heile verden.


Konstitusjonell rett til vatn
I oktober 2004 blei Uruguay det fyrste landet i verden med ein konstitusjon som gjorde retten til vatn til ein fundamental menneskerett. Loven gav påbud om at sosiale omsyn måtte gå foran økonomiske.

I dei siste åra har kravet blitt reist over heile verden. I mai 2007 trekte Bolivia, Venezuela og Nicaragua seg frå Verdensbanken sitt senter for konfliktløysing. Ein viktig grunn var at store korporasjonar brukte senteret til utpressing når land vedtok å avslutta kontraktar. Og Evo Morales; Bolivias president, har som kjent tatt til orde for ein søramerikansk konvensjon for menneskettar som inkluderer retten til vatn. Det vil medføra avvising av marknadsmodellar ved underteikning av handelsavtalar. Unge Skuld hadde tendens til å sjå i motsett lei av Urd. Det gjer ikkje det unge Latin Amerika.

Men kva vil stortingsfleirtalet gjera når loven om kommunalt eigarskap snart skal opp i Stortinget?




Loggført