Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

Vannposten nr. 92 Urdarbrunnen  (Lest 1848 ganger) Skriv ut

1 B


Trude  Mandag 6. Juni 2011, kl. 16:36


Av Egil Lejon


Brønnen til Urd tørkar inn. Meir enn to milliardar menneske lever i regionar utan tilstrekkeleg drikkevatn.  2,6 milliarder menneske er utan tilgang til naudsynte sanitære forhold.


Fattigdom
42 000 menneske døyr kvar veke av sjukdomar relatert til dårleg vasskvalitet og mangel på grunnleggande sanitære tilhøve.
Dette er menneske som ikkje har råd til å kjøpa det stadig dyrare plastflaskevatnet til Nestlé, Danone, Coca-Cola, Pepsi… kjeldevatn og grunnvatn tappa frå kjelder i meir enn hundrefemti land…


Flaskevatn
Flaskevatn er ikkje eit nytt påfunn. Vittel Grande Source i Frankrike starta verksemda si i 1855 – då for å forsyna velståande menneske med særdeles godt drikkevatn.  Tidleg på 1970-talet låg årleg, global omsetting av flaskevatn på omkring  ein milliard liter. I 2006 var omsettinga komme opp i  200 milliardar. Og nidhoggane er stadig på leit etter nye vasskjelder som kan tømmast for reint drikkevatn, og korporasjonane sine direktører formeleg sym i profittar frå vatn verdens fattige ikkje lenger har tilgang til.


Ureining
Dette skjer samstundes med aukande ureining av overflatevatn; gigantisk avskoging; kanalisering av lokalt drikkevatn frå rurale område – gjerne med urbefolkningar, til allereie forvaksne millionbyar utan eiga bærekraft; raskt smeltande isbrear; tømming av innsjøar og elver til gigantiske irrigasjonssystem for vasslukande monokulturar tufta på eksport til den rike verden for å nedbetale ei stadig veksande gjeld til Verdensbanken.

Uhyggelege døme på dette blei lagt fram av den kanadiske FN-rådgivaren Maude Barlov i boka “Blue Covenant”. Eitt av døma hennar er henta frå områda rundt innsjøen Najvasha i Kenya – ein gong eit naturfreda område meint å sikra beitemark og jaktområder for masaiane, og for å vedlikehalde rikt biologisk mangfald og eit ekstremt rikt dyre- og fugleliv  i regionen.


Oppkjøp av vassrike område
I dag er store landområde der kjøpt opp av utanlandske selskap som produserer roser til tridelen av Europas marknadsbehov. Vatnet til roseproduksjonen pumpest opp av Naivasha innsjøen med katastrofale  konsekvensar for menneske og natur… Om dette ikkje blir stoppa, seier vitskapen, vil innsjøen vera redusert til ein stinkande gjørmehol om ti år.. Me sett stor pris på roser i Europa, ikkje sant?

Medan skrekkrapportar hopar seg opp på styresmaktene sine kontor, og me har fått vita alldeles nok om galskapen og om systematisk plyndring av naturgrunnlaget, held galskapen fram.


Vassintensivt jordbruk
Fattige land produserer vassintensiv kaffi, bomull, kveite, kjøt, skog osb. til den rike verden for å nedbetala gjelda til Verdensbanken og IMF. WTO syt for at uforstanden bakest inn i eit globalt regulert handelspolitisk vanvit. Fleire barn i verden blir i dag drept av helsefarleg vatn enn av HIV-AIDS, krig, malaria og trafikkulykker tilsaman. Bare i det siste tiåret har talet på barn drept av diaré passert det samla talet på folk drept i alle væpna konfliktar etter 1945. Kvart åttande sekund, døyr eit barn av forureina vatn…


Byrje å tenkje?
Nei, la oss leva i “nu’et”, nyta livet på denne paradisiske planeten ein gong gitt oss av skaparen. Kjøp rosebukettar pakka av tusenvis av avgrunnsfattige kvinner- og barn i Kenya… Roser til nygifte eller foreldra til det nett døypte barnet… Gløym heller ikkje å kjøpa bomullsklede frå eitt av verdens fattige land… 30 tusen liter vatn er prisen for å produsera ein kilo bomull. Og gløym for all del ikkje bilen med “grøn biodiesel - det trengst 1700 liter vatn for å laga ein liter ethanol…
 

Loggført