Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

Vannposten nr. 91 Cochabamba  (Lest 1906 ganger) Skriv ut

1 B


Trude  Mandag 30. Mai 2011, kl. 17:09


Av Egil Lejon



Cochabamba
Eit stolt namn. Ein by som i vårt nye tusenårs morgon, tende stridens fakkel for den viktigaste kampen verdens folk i dag er stilde overfor. Eit opprør som spreidde seg til heile Bolivia, over det meste av Latin-Amerika og den ganske verden. Europa inkludert.

Det er dÃ¥ grunn til Ã¥ spør kva prinsipiell og praktisk stilling Erik Solheim og den raudgrøne regjeringa vil ta til dette? Vil regjeringa - som det høgreorienterte Nederland òg gÃ¥ inn for Ã¥ gjera kommersiell vassforsyning illegal? Og vil regjeringa - som Nederland; som jo forsvarer sitt eige vatn, men likevel  held fram med Ã¥ stø multinasjonale selskap sitt tjuveri av vassressursar over heile kloden? Eller vil regjeringa aktivt avvisa dette?

I Cochabamba byrja det med at folk nekta at deira lokale vatn – kommunalt eigd - skulle bli ei vare og ei kjelde for profitthungrige multinasjonale konsern. Og det var ingen liten, veik fiende dei gjekk til kamp mot:   Aguas del Tunari – eit konsortium kor giganten Bechtel Corporation var ein av storeigarane – til liks med Suez si privatisering i La Paz - aktivt stødd av IMF, Verdensbanken, WTO og EU. Folket vann kampen, og kasta vassimperialistane ut. 

Men Cochabamba blei òg symbol for ei viktig strategisk vending i den pÃ¥gÃ¥ande, globale krigen om vatnet:  Korrupte politikarar sitt spel som gjekk med pÃ¥ IMF og Verdensbanken sitt krav om Ã¥ selja vassverket til Aguas del Tunari, ville ikkje vore muleg om det hadde vore samvirkeorganisert og eigd av lokale brukarar etter prinsippet: “ein andel – ei røyst”.

Etter sigeren valde derfor folket i Cochabamba ikkje å gå vegen om å /rekommunalisera/ vassverket, men å arbeida for kooperativ organisering av det – nett strategien WTO, Verdensbanken, IMF og EU liker minst av alt. For det er jo uråd å kjøpa eller korrumpera tusenvis av eigarar som til sjuande og sist er dei som må betala for vassimperialismen sine gigantprofittar.

Franske Suez og Veolia aleine, kontrollerer i dag meir enn 40 prosent av globalt kommersialiserte vassressursar.
   
   I 2009 var Veolias omsetnad pÃ¥ 35.551 millionar euro. Same Ã¥ret aukte Suez sitt sal av vatn med 12.296 millionar euro. Vassforsyning er ei global forretning som Ã¥rleg har ein omsetnad pÃ¥ 400 milliardar dollar.
   
   I 2000 tilsvarte det  40 prosent av verdien av petroliumssektoren, og 33 prosent meir enn omsetnaden farmasøytisk industri stÃ¥r for. Dette var imidlertid tal “Fortune Magazine” la fram i Cochabamba-Ã¥ret 2000.

   Sidan har Verdensbanken, IMF, WTO og EU hjelpt til Ã¥ gjera sal av vatn til den raskast veksande globale industrien.
   
   I 1990 var 30 prosent av Verdensbanken sine lÃ¥n til utviklingsland relatert til privatisering av vassforsyning.

   I 2002 gjaldt det 80 prosent av lÃ¥na.

   I europeisk fagrørsle og i frivillige  organisasjonar – spesielt i Spania, Italia og Tyskland,  ser det ut til at kravet om kooperativt eige av vassverk vinn fram som alternativ til sÃ¥kalt rekommunalisering. Eit standpunkt Vannbevegelsen i Norge alt har hatt i fleire Ã¥r.   

   Det er vegen Ã¥ gÃ¥! Det meinte òg den frivillige, europeiske foreninga Urd (www.urd.sk) sitt Ã¥rsmøte i Slovakia tidlegare i Ã¥r, som òg vedtok Ã¥ melda seg kollektivt inn i Vannbevegelsen i Norge for Ã¥ stø opp om denne strategien.

   I Slovakia har Veolia allereie etablert eit kontor i Banská Bystrica og i Poprad, og det teiknar til Ã¥ bli hard kamp om Veolias forsøk – med støtte av EU og WTO – pÃ¥ Ã¥ privatisera vassressursane  i landet – ein av dei største i Europa.  Juristar i landet arbeider for tida òg med Ã¥ reisa tiltale  mot den førre ordføraren i Bratislava for ulovleg privatisering av vassforsyninga i byen.



Loggført