Vannbevegelsen.no

Folkebevegelsen for bevaring av vann som felleseie

Drikkevatn på anbod?  (Lest 2456 ganger) Skriv ut

1 B


Trude  Onsdag 24. Februar 2010, kl. 16:37


Drikkevatn på anbod?
Stikkord: EØS

Europeisk organisasjon mobiliserer i kampen mot konkurranseutsetjing av drikkevatn og avløp.

European Centre of Employers and Enterprises providing Public services (CEEP) er ein paraplyorganisasjon for kommunale og regionale interesser i Europa. Dei har no utarbeidd eit posisjonsnotat som peikar på at VA-sektoren ikkje må bli offer for konkurranseutsetjing.

Dei peikar mellom anna på at denne sektoren er særs dårleg tilrettelagt for fri konkurranse, og at interkommunalt samarbeid på dette feltet ikkje må bli underlagt same krav som slikt samarbeid på felt der konkurranse er meir tenleg å gjennomføre.

Debatten om anbod på drikkevatn er ikkje ny, og var mellom anna aktuell i Noreg i samband med ordskiftet om tenestedirektivet. I sitt høyringssvar om tenestedirektivet tok interesseforeininga Norsk Vann den gongen opp at det var viktig å definere vatn- og avløpssektoren bort frå dei sektorane som kan setjast ut på anbod. Dei peika mellom anna på ein rapport Professor Bjarne Jensen utarbeidde for Næringsdepartementet, der han konkluderer med at det er eit ope spørsmål om vatn-, avløps- og renovasjonstenester skal bli klassifiserte som tenester av ålmenn ikkje-økonomisk interesse eller av ålmenn økonomisk interesse.


Loggført